Verdensdagen for psykisk helse – vi trenger å snakke meir saman

Verdensdagen for psykisk helse er ein FN-dag som årleg vert markert over heile verda den 10. oktober. I Noreg markerast dagen i perioda frå veke 39 til 42.

Psykisk helseteam i Vestnes vil i dagane framover publisere fagstoff i høve tematikken, med ulike innspel og fokus på aktive grep for å styrke relasjonane våre og tilføre meining i livet.

Einsemd og utanforskap er døme på utfordringar vi står overfor i samfunnet.

Sjølv om vi lever i eit digitalt samfunn, med ulike arenaer og moglegheiter for oppkobling mot sosiale medier, uttrykker stadig fleire at einsemd og det å stå utan eit fellesskap som vanskeleg.

La oss gi meir tid til kvarandre. Samtaler i kvardagen er døme på relasjonsskapande tiltak, som gir sosial støtte og påverkar livskvaliteten.

La oss vere inkluderande og støttande, slik kan vi vere med og bygge fellesskap.

Vi ynskjer alle ei fin og kontaktskapande tid, husk og ringe til kvarandre.
 
Med vennleg helsing
Psykisk Helsesteam

Verdensdagen for psykisk helse, tema 2024: Vi treng å snakke mer sammen #gi8minutter - Klikk for stort bilete

Tema i år

I år vert vi oppfordra til å ta opp telefonen og ringe. Å høyre stemma til nokon vi er glad i betyr mykje meir for oss enn vi trur.

Forskning viser at kun 8 minutter på telefonen med ein du bryr deg om, kan ha ein betydeleg effekt på både relasjonen og den psykiske helsa.

Konseptet «The secret power of the 8-minute phone call» vart først presentert av Jancee Dunn fra New York Times og er basert på verdens lengste vitenskapelige studie om lykke fra Dr. Bob Waldinger fra Harvard University.

Vi undervurderer ofte kor mykje det kan bety at vi tek kontakt, sjølv kun for å sjekke innom.

Stadig fleire seier at dei ikkje bruker telefonen til å ringe. I aldersgruppa 20-24 år er det i løpet av dei siste fem åra 18 prosent færre som bruker telefonen til å ringe.
Vi melder istaden, og har blitt til det ein kaller eit meldingsbasert samfunn. 
Korleis påverker det oss, når vi ikkje ser eller høyrer kvarandre?  Er vi så gode til å tolke kvarandre sine tekstmeldingar, eller er det fare for at vi mister eindel av kommunikasjonen?

Sjå filmen under, kanskje betyr ein telefon meir enn du trur!