Vestnes helsestasjon inviterer til foreldrekurs

Helsestasjonen tilbyr foreldrekurs til våren for foreldre med barn frå 6 måneder og opp til 12 år. Frist for påmelding er 20.01.2025.

Kurset har som mål å gi foreldre eit verktøy for betre å forstå barnet sitt behov, kva signal barnet gir og korleis foreldre kan støtte barnet best mogleg. Kurset er basert på modellen Trygghetssirkelen (Circle of Security). Les meir om teamet i lenka: Ressurser for foreldre – Circle of Security International.

Foreldrekurset bygg på dei prinsippa og temaet som er viktige for ei trygg tilknyting. Kurset har eit førebyggande perspektiv og passar for alle foreldre med barn frå 6 mnd.—12 år som bur i kommunen.  

Kurset er gratis.  Det er ønskeleg at begge foreldra deltek der det er mogleg. 

Når og kor går kurset

6 kursdagar á 2 timar- tysdagar frå kl 13:30 - 15:30
Kursdatoar: 11. februar, 25. februar, 4. mars, 11. mars, 18. mars og 25. mars  
Kurstad: Aktivitetssenteret 2. etg – Eining familie og helse
Kurshaldarar: Sandra Våge-Nikolaisen og Anne-Marlen Løvik Salte

Bindande påmelding innan 20.01.2025 - fyll ut skjemaet under.

Påmelding