Vestnes kommune har behov for fleire utleigebustader til flyktningar

Prosessen med å ta imot flyktningar frå Ukraina og busette dei i kommunen følgjer same prosedyrar som busetting av flyktningar frå andre land. Å skaffe bustader til flyktningar er kommunen sitt ansvar. Det er behov for å busette både i private og i kommunale bustader. For å få til dette treng vi di hjelp. 

Vi treng ei oversikt over tilgjengelege bustader og ber deg om nytte dette kontaktskjemaet. Dette skjemaet er ingen kontrakt. Dersom det blir aktuelt med å leige, vil vi ta kontakt med deg. I ein nasjonal kampanje oppfordrast alle til å delta i bustaddugnad for å finne bustader til flyktningane som kjem til oss. Vi ønsker at du bruker skjemaet på denne sida til å kontakte oss, men sjekk gjerne ut boligdugnaden.no for å sjå kva det inneberer å leige ut til flyktningar, og kva krav som stillast til bustaden. 

Har du bustad å leige ut for flyktningar?