I ein hektisk kvardag kjenner vi på at vi ikkje har nok tid, der daglege gjeremål står i kø. Kanskje bør vi reflektere litt over ambisjonsnivået, og gje nettopp «tid» eller «tida vår» ei stemme. Tid til å lytte til nokon som har det vanskeleg, og tid til oss sjølve.
Forskning viser at sjølv små handlingar kan ha stor innverknad på vår psykiske helse. Verdas helseorganisasjon (WHO) beskriv at om lag halvparten av oss vil oppleve psykiske helseplager i løpet av livet.
Einsemd og isolasjon er noko av dei store utfordringane vi ser i dag, der tala på dei som slit har auka. Det viser at psykisk helse er viktig å snakke om.
Små ting, som det å «gi tid» kan utgjere ein stor forskjell for andre, og er med å skape tryggleik og byggje tillit. Å høyre stemma til ein du er glad i kan virke regulerande på vanskelege kjensler, og gjere at det vert lettare å kome gjennom belastande periodar. Vi har meir forståing og empati for dei vi høyrer stemma til.
Å gi tid til vår eiga psykiske helse er og viktig, som å sette av tid til det som gir oss glede og ro i kvardagen. Mange stiller for store krav til seg sjølve, samstundes som samfunnet stiller krav til oss. Det å kjenne seg utbrend og nedstemt vert ofte sett i samanheng med den totale belastninga ein vert utsett for.
Kampanja for psykisk helse minner oss om felleskapets verdi, og kor viktig det er å bekjempe einsemd og utanforskap.
Eit inkluderande og støttande samfunn kan vi alle vere med og skape, der tid og omsorg for kvarandre styrkar fellesskapet.
Vi treng å snakke meir saman #gi 8 minutter !
Med vennleg helsing
Psykisk helseteam i Vestnes