Vikåsvegen - håpar å opne vegen i løpet av dagenPersonell frå Tekniske tenester i kommunen har vore på befaring i Vikåsvegen, saman med geolog. Antatt årsak til jordraset er identifisert. Det vil bli igangsett opprydding snarast og eit mål er å opne vegen i løpet av dagen.Kommunen sine eigne mannskap vil stå for opprydding i tråd med geologen sine anbefalingar. Sist endra 01.11.2024 12.09