Vil du vere meddommar for perioden 2025-2028?

Vestnes kommune skal velje meddommarar for perioden 2025-2028. 
Fristen for å melde seg som meddommar er 30. april 2024. 
Kommunestyret vel meddommarane seinast 20. juni 2024.

Kva er ein meddommar og kva treng Vestnes kommune?
Kort om oppgåva som meddommar
Kven kan vere meddommar?
Kven kan ikkje vere meddommar?
Rett på fri og tapt arbeidsforteneste
Kven vel?
Søknadsfrist og interesseskjema

Kva er ein meddommar og kva treng Vestnes kommune?

Vestnes kommune har behov for fleire meddommarar som saman med juridiske fagdommarar er med på å ta avgjerder i rettsaker. Dette er ei viktig samfunnsoppgåve der akkurat du kan få moglegheita til å gi domstolen ei demokratisk forankring. Det er eit vanleg rettsprinsipp at ein skal dømmast av sine likemenn. Derfor har meddommarane ei viktig rolle i rettssystemet.

Les meir om meddommarordninga og kva det vil seie å vere meddommar på nettstaden til Norges Domstoler.

  • 8 meddommarar til jordskifteretten (4 kvinner og 4 menn)
  • 12 meddommarar til lagmannsretten (6 kvinner og 6 menn)
  • 24 meddommarar til tingretten (12 kvinner og 12 menn)
  • 5 skjønnsmedlemmar til tingretten og lagmannsretten

Kort om oppgåva som meddommar

  • Du skal dømme i enkeltsaker saman med andre meddommarar og fagdommarar.
  • Du blir kalla inn til rundt ein til tre rettssaker i året. Dei fleste rettssaker varar frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vare lenger.
  • Du tek del i både straffesaker og sivile saker.
  • Du har møteplikt. Ved nokre tilfelle kan du få fritak frå å møte, for eksempel ved sjukdom eller om viktige oppgåver og plikter blir forsømt.

Kven kan vere meddommar?

  • Du er folkeregistrert i Vestnes kommune
  • Du er over 21 år (født i 2004 eller seinare) og under 70 år (født i 1954 eller seinare) ved valperioden sin start 01.01.25
  • Du snakkar og forstår norsk
  • Du er statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra
  • Du må ha plettfri vandel
  • Du må ha normal digital kompetanse
  • Utvala skal ha ei allsidig samansetning, slik at dei best mogleg representerer alle delar av befolkninga

For meddommarar til jordskifteretten er det ønskjeleg med personar som i tillegg har fagkompetanse innan eit eller fleire av følgjande fagområde:

  • Eigedomsverdi, til dømes eigedomsmeglar eller takstmann
  • Plan- og bygningsrett, til dømes reguleringsarkitekt eller saksbehandlar frå offentleg forvalting
  • Bygg og anlegg, særleg med tanke på vegbygging, men også annan kommunalteknikk
  • Jord- og skogbruk
     

For skjønnsmedlemmar er det ønskjeleg med personar som i tillegg har fagkompetanse innan eit eller fleire av følgjande fagområde:

  • Ulike sider av verdifastsetjing, bruk og drift av fast eigedom
  • Land-/skogbruk
  • Plan- og reguleringsprosessar
  • Bygg- og anleggsarbeid
  • Økonomi, revisjon og rekneskap
  • Eigendomsmegling/taksering

Øvre aldersgrense gjeld ikkje for skjønnsmedlemmar.

Kven kan ikkje vere meddommar?

Nokre yrkesgrupper kan ikkje vere meddommar, mellom anna stortingsrepresentantar, tilsette i Justisdepartementet, påtalemakta og politiet, eller praktiserande advokatar.

Nokre straffereaksjonar fører også til at du ikkje kan vere meddommar.

Er du under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene, kan du heller ikkje vere meddommar.

Rett på fri og tapt arbeidsforteneste

Meddommarar har rett på fri frå jobb for å utføre vervet. Offentleg tilsette får vanlegvis dekka løn frå arbeidsgivaren sin. I det private næringslivet er det opp til bedrifta. Dersom du ikkje får løn, vil du få dekt tapt arbeidsforteneste frå domstolen.

Kven vel? 

Det er Vestnes kommunestyre som vel meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten. Forslag til skjønnsmedlemmer vert sendt frå kommunen for oppnemning i fylkestinget. Det vil skje seinast på kommunestyret sitt møte 20. juni 2024.

Alle blir valt for fire år i perioden 01.01.2025 – 31.12.2028.

Søknadsfrist og interesseskjema

Fristen for å melde seg som meddommar/skjønnsmedlem i Vestnes kommune er 30. april 2024. Du vil få tilbakemelding etter at kommunestyret har vald alle meddommarar.

Interesseskjema for meddommar/skjønnsmedlem