I samsvar med kommunestyret sitt vedtak av 14.12.2023 er gjeldande skattesatsar for eigedomsskatt for 2024 følgjande:
- 7 0/00 for næringseigedomar
- 4 0/00 for bustader, fritidsbustader m.v.
- 4 0/00 for det særskilde skattegrunnlaget
Eventuelle spørsmål om utskriving av eigedomsskatten kan rettast til Vestnes kommune, tlf. 71 18 40 00.
Eigedomsskattelister
Eigedomskatteliste offentleg ettersyn
Eigedomskatteliste offentleg ettersyn - eigedommar som er fritekne etter § 7 a og b
Skattesetlar
Skattesetlane er sendt via digital post. Dei som ikkje har tatt i bruk si digitale postkasse, får skattesetelen via Altinn. Om ikkje skattesetelen er lest i Altinn innan 2 dagar kjem dei som vanleg post. Eigarrepresentanten må syte for å orientere sine medeigarar om utskriven skatt, dersom ønskjeleg.
Faktura
Faktura for eigedomsskatt blir send ut på same faktura som øvrige kommunale eigedomsavgifter, delt på fire terminar i året med forfall 25. mars, 25. juni, 25. oktober og 25. desember.
Fleksibel fakturering er innført og du kan søke om månadleg faktura.
Klage
Eventuell klage over utskreve eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten. Klagen må vere skriftleg.
Klagen skal sendast til Vestnes kommune, Eigedomsskattekontoret, 6390 Vestnes innan 6 veker, og seinast innan 15. april 2024.
Kommunestyret har bestemt at Skatteetaten sitt formuesgrunnlag skal nyttast som takst på bustadar. Finn du feil i taksten eller meiner at taksten er høgare enn bustaden sin marknadsverdi, må du kontakte Skatteetaten.