Godkjent reguleringsendring for Bustadfelt Fiksdal B1

Kommunestyret vedtok den 12.12.2024 endringar i reguleringsplan Bustadfelt Fiksdal B1, planID 0131. 

Plankart for bustadfelt Fiksdal B1 - Klikk for stort bilete

Formål

Reguleringsendringa slår saman nokre av dei regulerte bustadtomtene for å opne for bygging av firemannsbustader (konsentrert småhus). Forslagsstillar har sett eit behov for denne typen bustader i Fiksdal sentrum og ønsker å opne for meir variasjon av bustader i planen. I forslaget vil sju tomter for småhus frittliggjande (maksimalt 14 bueiningar) bli endra til tre tomter for småhus konsentrert (maksimalt 16 bueiningar). I tillegg inneber endringa nokre rettingar, ryddingar i teiknforklaring og plankart og i føresegnene.

Endringane er gjort etter forenkla planprosess, jfr. plan- og bygningsloven § 12-14, andre ledd.

Plandokument

Kommunestyrets vedtak, revidert plankart og reviderte føresegner kan du sjå i kommunen sitt planarkiv. (Sjå lenke nedanfor)

Arealplaner.no | planID 0131

Klage

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast. Eventuell klage skal være grunngjeven, og sendast til Vestnes kommune på epost postmottak@vestnes.kommune.no eller pr brev til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. Merk klagen med referanse PLAN-24/00272.

Klagefrist er satt til 17.01.2024.