Høyring av søknad frå Statens vegvesen om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved Vik i Vestnes

Statens vegvesen, Utbyggingsområde midt søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved Vik i Vestnes kommune, eigedom gnr. 58 bnr. 1.

Midlertidig sjøfylling Vik med reguleringsplan som underlag - Klikk for stort bileteMidlertidig sjøfylling Vik med reguleringsplan som underlag

Det skal etablerast mellombels sjøfylling og kaianlegg med utfylling av om lag 330 000 m3 massar og mudrast 1 500 m3 massar. Utfyllingsmassane skal kome frå vegprosjekt med ny E39 mellom Molde og Ørskogfjellet. Det kan verte aktuelt å søkje om å regulere om til permanent sjøfylling og kaianlegg
med tida.

Eventuelle merknadar må sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 25. september 2024.

Søknad med vedlegg (PDF, 46 MB)