Høyring - Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjering og velferdsgode i Vestnes kommuneVestnes formannskap gjorde i sitt møte den 15.06.2023 vedtak om å legge forskrift om folkevalde sin rett til godtgjering og velferdsgode i Vestnes kommune ut på høyring. Formålet til forskrifta er å regulere rettar og pliktar etter kommunelovens kapittel 8 for folkevalde i Vestnes kommune. Forskrifta skal tydeleggjere kva kriterium Vestnes kommune legg til grunn for slik godtgjering og utgiftsdekning, og kven som blir omfatta av ordninga. Innspel til høyringa skal sendast til: Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes eller til postmottak@vestnes.kommune.no. Høyringsfrist: 14. juli 2023 Dokument i saka: Saksprotokoll Formannskapet - Sak PS-50/23 - Høyring - Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjering og velferdsgode i Vestnes kommune (PDF, 68 kB) Saksframlegg - Høyring - Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjering og velferdsgode i Vestnes (PDF, 97 kB) Utkast - Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjering og velferdsgode i Vestnes (PDF, 120 kB) Sist endra 16.06.2023 11.38