Høyring - Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2025-2028

Vestnes kommunestyre vedtar å sende forslag kommunal planstrategi 2025-2028 på høyring og offentleg ettersyn i medhald til plan og bygningslova § 10-1. 

Ein planstrategi er eit verktøy for å vurdere og prioritere behovet for overordna planlegging i kommunestyreperioden. Kommunal planstrategi er heimla i plan- og bygningslova §10-1. Planstrategiarbeidet skal styrke den politiske styringa av planarbeidet, samtidig som ein forenklar og forbetrar planleggingsprosessen og etablerer ein kultur for god planlegging. I planstrategien tar kommunestyret stilling til om det er behov for å sette i gang arbeid med nye planar, eller om dei gjeldande planane bør reviderast eller opphevast i løpet av valperioden.

Dokument i saka

Saksframlegg
Vedtak
Kommunal planstrategi for Vestnes kommune 2025 - 2028 (PDF, 4 MB)

Høyringsinnspel

For å gi innspel til planstrategien må du logge inn via elektronisk skjema eller sende skriftleg innspel med referanse arkivsak 24/11382 til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. 

Høyringsfrist er satt til 2.januar 2025.

Send uttale til høyring