Melding om offentleg ettersyn - Lokal forskrift om gebyr for saker etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova, matrikkellova og jordlova i Vestnes kommune.

Vestnes kommune v/formannskapet har i møte 11.03.2024 sak PS-14/24 behandla forslaget til «Forskrift om gebyr for saker etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova, matrikkellova og jordlova, Vestnes kommune, Møre og Romsdal». Formannskapet gjorde følgjande vedtak:

Vestnes formannskap vedtek, med heimel i forvaltningslova § 37 å sende forslag til forskrift for
gebyrregulativ i Vestnes kommune på høyring. Høyringsperioden vert sett til 6 veker.

Forskrifta vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 19.03.2024 – 30.04.2024.

Merknader til forskrifta skal sendast innan 30.04.2024.

Skriv til oss

Dokument i saka:

Forslag til lokal forskrift om gebyr for saker etter plan- og bygningslova, eigarseksjonslova, matrikkellova og jordlova (PDF, 96 kB)
Vedtak (PDF, 68 kB)
Saksframlegg (PDF, 105 kB)
Veileder for beregning av selvkost og gebyrforskrift i byggesaker (PDF, 827 kB)