Offentleg ettersyn/høyring - Budsjett 2024, økonomi- og handlingsplan 2024-2027 I medhald av kommuneloven kap. 14 og plan- og bygningslova § 11-4, legg Vestnes formannskap ut budsjett 2024 og økonomi- og handlingsplan 2024-2027 ut til offentleg ettersyn/høyring. Formannskapet si innstilling skal ligge ute til offentleg ettersyn i minst 14 dagar.Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i sitt møte den 14. desember. Innspel og høyringssvar skal sendast Vestnes kommune på e-post: postmottak@vestnes.kommune.no eller pr. post til Vestnes kommune, Brugata 10, 6390 Vestnes. Høyringsfrist 7. desember 2023. Alle høyringssvar innkomne innan fristen vert utsendt til kommunestyret. Dokument i saka:Formannskapet si innstilling - Budsjett 2024, økonomi- og handlingsplan 2024-2027 (digital)Formannskapet si innstilling - Budsjett 2024, økonomi- og handlingsplan 2024-2027 - PDF-utgåve (PDF, 10 MB) Saksprotokoll frå formannskapet 20.11.2023 - Budsjett 2024, økonomi- og handlingsplan 2024-2027 (PDF, 239 kB)Saksframlegg frå kommunedirektøren - Budsjett 2024, økonomi- og handlingsplan 2024-2027 (PDF, 157 kB) Sist endra 25.11.2024 20.49