PlanID 0131 - Søknad om endring av reguleringsplan for Bustadfelt Fiksdal

I medhald av plan- og bygningslovens §12-14 kunngjerast det at ProESS AS på vegne av Fiksdal Utvikling AS søker om endring av reguleringsplan for Bustadfelt Fiksdal B1 etter forenkla prosess.

Arealplankart over delar av bustadfelt Fiksdal - Klikk for stort bilete

Vestnes kommune har mottatt søknad om reguleringsendring for planID 0131 – Bustadfelt Fiksdal. Formålet med endringa er å slå saman nokon av dei regulerte tomtene for å kunne opne for bygging av firemannsbustader. Dette vil gjere reguleringsplanen meir fleksibel da type bustader som blir etterspurd er varierande. Forslagsstillar for planendringa er Fiksdal Utvikling AS. Søknaden er utarbeida av fagkyndige.

Det søkast om følgjande endringar:

  • Området BFS8, tomt 34 og tomt 35, blir endra frå område for frå bustader - frittliggande - småhus til bustader- konsentrert- småhus, BKS1. Endringa gir høve til oppføring av 1 stk 4-mannsbustad framfor 2 stk 2-mannsbustader, ingen auke i tal på bueiningar ift. godkjent reguleringsplan.
  • Området BFS6 reduserast som følgje av at tomt 25 og tomt 26 blir endra frå bustader - frittliggande - småhus til bustader- konsentrert- småhus, BKS2. Endringa gir høve til oppføring av 1 stk 4-mannsbustad framfor 2 stk 2-mannsbustader, auke i tal på bueiningar ift. godkjent reguleringsplan.
  • Området BFS5 blir redusert som følge av at tomt 22, tomt 23 og tomt 24, blir endra frå bustader frittliggande småhus til bustader konsentrert småhus, BKS3. Endringa gir høve til oppføring av 2 stk 4-mannsbustad framfor 3 stk 2-mannsbustader, ein auke i tal på bueiningar på 2 ift. godkjent reguleringsplan.
  • Lagt inn ekstra føresegn som sikrar at ein i BKS-områda kan plassere bygning med ikkje-varig opphald, til dømes garasjar/ carportar, inntil 2 meter frå GN2, GN3, GT1 og GT2.
  • Justert tilvising frå TEK10 til TEK17.
  • I tillegg er det nokre kosmetiske rettingar i plankartet og reguleringsføresegnene for at feltnamn skal stemme med teiknforklaring og føresegner.

Det er ingen endringar i utnyttingsgrad eller byggehøgde sett mot gjeldande plan.

Sjå dokument i saka på arealplaner.no

I samråd med Vestnes kommune er det vurdert at endringane ikkje vil gå ut over hovudrammene i gjeldande plan, og heller ikkje påverke gjennomføringa av denne. Det er vurdert at endringane ikkje vil røyre ved omsyn knytt til viktige natur- og friluftsområde. Endringa kan såleis behandlast etter forenkla prosess, jfr. plan- og bygningsloven § 12-14 andre ledd.

Innspel til planarbeidet

Myndigheiter og heimelshavarar som berøres av endringa skal gis høve til å uttale seg før eit vedtak om reguleringsendring etter forenkla prosess kan treffast jf. Plan- og bygningslova § 12-14, tredje ledd.

Merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast på e-post til post@proess.no evt. pr brev til:
ProESS AS
Brusdalsvegen 20
6011 ÅLESUND

Frist for uttale til planarbeidet er sett til 20.11.2024.