PlanID 0150 - Søknad om endring av reguleringsplan for Vestnes renovasjonI medhald av plan- og bygningslovens §12-14 kunngjerast det at ProESS AS på vegne av Vestnes Renovasjon søker om endring av reguleringsplan for Vestnes renovasjon etter forenkla prosess.Forslag til reguleringsendringPlanendringa gjeld følgjande tema:Legge til rette for at arbeidet med masseuttak kan gjerast i eit tidsrom som er meir teneleg for utførande innleigd entreprenørfirma.Oppdatere plankartet i aust slik at det samsvarar med dagens situasjon for bygningar på området og med endra plassering for NMK-bane.Sjå dokument i saka på arealplaner.noI samråd med Vestnes kommune er det vurdert at endringane ikkje vil gå ut over hovudrammene i gjeldande plan, og heller ikkje påverke gjennomføringa av denne. Det er vurdert at endringane ikkje vil røyre ved omsyn knytt til viktige natur- og friluftsområde. Endringa kan såleis behandlast etter forenkla prosess, jfr. plan- og bygningsloven § 12-14 andre ledd.Innspel til planarbeidet:Myndigheiter og heimelshavarar som berøres av endringa skal gis høve til å uttale seg før eit vedtak om reguleringsendring etter forenkla prosess kan treffast jf. Plan- og bygningslova § 12-14, tredje ledd.Merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast på e-post til post@proess.no evt. pr brev til:ProESS ASBrusdalsvegen 206011 ÅLESUNDFrist for uttale til planarbeidet er sett til 8.11.2024 Sist endra 25.10.2024 11.56