Vestnes kommune rullerer kulturpolitisk temaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg kvart år, mellom anna med tanke på tippemiddelsøknader.
Frå no og til midten av oktober 2024, registrerer Vestnes kommune relevante prosjektinnspel frå både einskildpersonar, lag, foreiningar og kommunale driftseiningar.
Send innspel/melding om prosjekt til postmottak@vestnes.kommune.no seinast måndag 14. oktober 2024.
Sist endra 11.09.2024 09.47