Varsel om endring av reguleringsplan for Vike sentrum

I medhald av plan- og bygningslovens §12-14 kunngjerast det at Ingeniør Jostein Bø på vegne av Krogset AS søker om endring av reguleringsplan for Vike sentrum etter forenkla prosess.

Forslag til reguleringsendring
Forslag til reguleringsendring vist på gjeldande plan

Endringa er avgrensa til felt BKS2 og BKS3 i gjeldande reguleringsplan. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for utbygging av attraktive, sjønære bustader innanfor dei nemnde felta.

Endringa vil innebere følgande endringar i plankartet:

  • Samordne reguleringsplan med dei nyleg oppmålte eigedomsgrensene.
  • Justere formålsgrensa mellom BKS2-«Boligbebyggelse-konsentrert småhusbebyggelse» og
    BSB2-«Småbåtanlegg i sjø og vassdrag».
  • Justering av byggegrense mot sjø.

Endringa vil ikkje innebere endringar i føresegnene. 

Sjå dokument i saka på arealplaner.no

I tråd med plan- og bygningsloven § 12-14 andre ledd er det vurdert at endringane ikkje vil gå ut over
hovudrammene i gjeldande plan, og heller ikkje påverke gjennomføringa av denne. Endringane
vil ikkje røyre ved omsyn knytt til viktige natur- og friluftsområde.

Innspel til planarbeidet:

Myndigheiter og heimelshavarar som berøres av endringa skal gis høve til å uttale seg før eit vedtak om
reguleringsendring etter forenkla prosess kan treffast jf. Plan- og bygningslova § 12-14, tredje ledd. Kommunen vurderer at endringa bør varslast ved annonsering på kommunens heimesider og at det gis ei utvida frist for uttale på grunn av redusert kapasitet hos eksterne høyringsinstansar i juli og for å sikre ein open og inkluderande prosess.

Merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast på epost til job@jobing.no evt. pr. brev til:

INGENIØR JOSTEIN BØ
Kråkvika 33
6390 VESTNES

Frist for uttale til planarbeidet er set til 19.08.2024.

Dersom det under behandling av reguleringsendringa skulle komme til vedtak om at reguleringsendringa må behandlast etter normal planprosess, gjelder denne varslinga som melding om oppstart av planarbeid i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-1 og § 12-8.