Varsel om oppstart - detaljregulering for Saga Brygge, gnr 44 bnr 35 og 81Jamfør plan- og bygningslova, § 12-8 gjerast det kjent at det er startet opp arbeid med ei privat detaljregulering for Saga Brygge, gnr 44 bnr 35 og 81 i Vestnes kommune. Planområdet er i dag uregulert, og i kommuneplanen er området avsett til bustadbygging og næringsformål. Sjøarealet er omfatta av «Interkommunal plan for Romsdalsfjorden». Føremål med planen er å tilretteleggje området for utbygging med bustadføremål. Eksisterande bustad innanfor gbnr 44/81 skal vidareførast. I tillegg skal det tilretteleggast for etablering av einebustader og tomannsbustader med tilhøyrande leikeareal. Tilrettelegging for trafikksikker vegadkomst til området blir tema i samband med planarbeidet. I tillegg er det planlagt å utvide arealet langs sjøen, enten ved utfylling eller ved etablering av bryggekonstruksjon på pålar. Langs sjøen vil det bli lagt til rette for kyststi eller gangbrygge for allmennheten.Plangrensa er vist i kartutsnitt. Mindre justeringar i plangrensa kan komme som følgje av innspel til planarbeidet.Planendringa er vurdert iht. forskrift om konsekvensutredninger (KU), og er vurdert til ikkje å vere KU-pliktig. Kommunen stiller seg bak vurderinga.Oppstartsmøte blei gjennomført med kommunen 23.10.23. Berørte naboar og gjenboarar blei varsla direkte i eige brev. Planarbeidet blir utført av proESS AS på vegne av grunneigar. Kommentarar/innspel til det igangsatte planarbeidet rettast til proESS AS på epost post@proess.no innan 31.01.24.Dokument i saka:Plankart - Saga Brygge (PDF, 91 kB)Plankart - viser gjeldande kommuneplan (PDF, 303 kB)Plankart - ortofoto (PDF, 361 kB)Referat frå oppstartsmøte (PDF, 256 kB) Sist endra 20.12.2023 15.24