Vestnes mot 2050
Eline Karlsdatter Fladseth
Utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter
Globale, nasjonale, regionale og lokale utfordringar heng saman og påverkar korleis Vestnes kommune må arbeide framover. Det er fire hovudutfordringar det er viktig at vi løyser i fellesskap dei neste åra.
- Svak befolkningsutvikling: Mange unge flyttar ut og det blir fødd færre born. Vi må arbeide for å snu utviklinga samstundes som vi førebur oss på at vi kanskje ikkje greier det.
- Kamp om arbeidskrafta: Omsorgsoppgåvene blir fleire, og behovet for arbeidskraft aukar også i privat sektor, men vi blir ikkje fleire i yrkesaktiv alder til å utføre dei.
- Behov for omstilling: Auka spenningar i verda, klima- og naturendringar og avtakande petroleumsaktivitet fører til endringar og forsterkar behovet for å bruke ressursane godt og riktig.
- Framleis god fordeling: Små forskjellar og stabil tilgang på velferdstenester i heile landet må bevarast i møte med omstillingane og ei aldrande befolkning.
Ifølge SSB vil folketalet krympe i 40 % av kommunane fram mot 2050. Byane vil vekse, medan det er liten eller ingen vekst i distrikta. Fram mot 2050 er det venta ein reduksjon i folketalet i Vestnes kommune samtidig som andelen eldre aukar. Dette er ei utvikling som vi må førebu oss på, men som vi samstundes må prøve å snu.
Endra alderssamansetting endrar behovet for tenester og drar opp utgiftene til pensjonar og helse- og omsorgstenester. Samtidig vil skatteinntektene vekse saktare, fordi veksten i antal sysselsette flatar ut. Ser vi fram mot 2050, aukar utfordringane. Vi må lykkast på fleire område for å balansere statens og kommunens utgifter og inntekter: fleire må sysselsettast, eldre må stå lengre i arbeid, og vi må legge til rette for innovasjon og nyskaping.
Mange norske distriktskommunar prøvar å snu ei negativ befolkningsutvikling. Ifølge Demografiutvalet forutset det å lukkast at ein er klar med gode arealplanar som ikkje er til hinder for at ein raskt kan legge til rette for vekst i næringslivet og for tilflytting når det byr seg moglegheiter for det.
Hit er vi på veg
Tal på personar i yrkesaktiv alder (20-66år) bak kvar pensjonist i Vestnes kommune. Kjelde: SSB Folketal tabell 07459 og Framskrive folkemengd hovudalternativet tabell 14288. Illustrasjon: Vestnes kommuneSkal vi lukkast med å snu utviklinga har vi ei rekke utfordringar vi må gjere noko med for å gjere det meir attraktivt å bu i Vestnes.
Vestnes kommune kjem dårleg ut på fleire levekårsindikatorar, som til dømes psykisk helse, trivsel og utanforskap blant dei unge. Resultata i grunnskulen er svakare enn snittet og fråfallet i vidaregåande skule er høgt. Dette har konsekvensar for helse, tenestebehov og framtidig arbeidsdeltaking.
Det har blitt vanskelegare å skaffe seg bustad i Vestnes. Leigeprisane har gått opp og det er få ledige bustader. Det har også blitt mykje dyrare å kjøpe seg ein bustad fleire stader i kommunen.
Vi står midt i ei klima- og naturkrise, der klimaendringane viser seg i form av ekstremvêr med ekstrem vind, ras og flaum. For å avgrense skadane krev det at vi alle arbeider for å redusere klimagassutslepp og tapet av natur.
Det er krig, både i Europa og Midtausten, og kamp om det geografiske og teknologiske hegemoniet mellom Kina, USA og Russland. Den geopolitiske situasjonen er meir usikker og utrygg enn på lenge. Krigar og klimaendringar vil føre til store folkevandringar. Vestnes har sidan 2022 tatt imot 330 flyktningar frå Ukraina. Det er uvisst kor lenge krigen vil vare, og vi må forvente å ta imot fleire. Arbeidet med å ta imot og integrere flyktningane er ei viktig oppgåve framover.
Digital transformasjon kan gi oss store moglegheiter til å løyse oppgåver meir effektivt og kunne redusere behovet for meir arbeidskraft i framtida. Samstundes er det også ein del utfordringar med den raske utviklinga. Kommunen må arbeide for å utnytte desse moglegheitene på ein offensiv, bevisst og kreativ måte.
Les meir om utfordringsbiletet her:
Vestnes kommune
Planlegginga skal fremme berekraftig utvikling
FNs berekraftsmål ligg til grunn for planarbeidet. Berekraftsmåla ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng. Måla gir oss ei ramme å jobbe ut ifrå. Dei bind det globale og det lokale saman og inspirerer til innsats og dialog på alle nivå, både tverrfagleg og tverrpolitisk.
Ein ny kommuneplan skal vere med på å ruste oss så godt som mogleg for å løyse utfordringar for framtida. Ved å legge berekraftsmåla til grunn for alle aspekta med den nye kommuneplanen, sørger vi for å ha gode føresetnader for å møte morgondagen.
Bryllupskakemodellen av berekraftsmåla.Kjelde: Hans Græsli - Azote for Stockholm Resilience Centre, Stockholm University CC BY-ND 3.0.