Strategisk kompetanseplan

5 Framtidig kompetansebehov: Analyse av kapasitet og kvalitet

5.1 Kompetanseanalyse

Det kan vere mange forhold som påverkar korleis vi skal arbeide med kompetansen i Vestnes kommune. Endringar i samfunnsoppdraget, endringar i tenestetilbod og krav om tverrfagleg samhandling. Faktorar som alderssamansetning blant dei tilsette, vakante stillingar, uønskt deltid, låg arbeidsledigheit, brukarundersøking, medarbeidarundersøking og økonomisk handlingsrom m. fl. er faktorar som har verknad på framtidig planlegging av kompetansebehov. Kommunesektorens arbeidsgivermonitor (statistikkpublikasjon) syner årleg utvikling og tilstand innan sentrale arbeidsgjevarrelaterte område i kommunane.

Alle einingar i kommunen skal gjennomføre kompetanseanalyse for å få oversikt over korleis vi skal satse på kompetanse for å nå vedtekne overordna mål til det beste for tenestemottakarane og innbyggjarane.

Einingane sin kompetanseanalyse er delt inn i tre hovudpunkt:

Kompetansekrav, kompetansebehaldning og kompetansebehov.

    

 

5.2 Våre kompetansekrav

Det er sentralt i strategisk kompetanseplanlegging at kommunen har kunnskap om kva for kompetanse som er naudsynt å ha for å nå definerte mål. Det må vere samsvar mellom innbyggjarane sine behov for tenester og krav til dei oppgåvene som kommunen er pålagt å løyse. Det vil vere sentralt at den einskilde eining/avdeling avklarar sine arbeidsoppgåver i forhold til måloppnåing sett opp i mot eksisterande kompetansebehaldning.

Avklaring av kompetansebehov er første steg når kommunen skal rekruttere nye medarbeidarar, tilby vidare/etterutdanning til tilsette eller sette i gang tiltak for å auke kvaliteten på tenestene.

5.3 Vår totale kompetansehaldning

For å få oversikt over kommunen sin totale kompetansebehaldning, skal den einskilde eining/avdeling ha oversikt over personalplan og bemanningsplan og sjå dette opp i mot framtidig kompetansebehov.  

Vestnes kommune har ein stor pleie- og omsorgssektor og behovet for personell med fagkompetanse innan denne sektoren er stort.

Lenke strategisk kompetansestyring 

5.4 Vårt kompetansebehov: Kompetanse som skal mobiliserast, utviklast, anskaffast eller avviklast

Kompetansebehovet i Vestnes kommune kan definerast som den totale kompetanse-behaldninga som kommunen treng for å nå mål og utøve definerte oppgåver og funksjonar innanfor lov og avtaleverk. Alle leiarar skal ha oversikt over eigne medarbeidarar sin totale kompetanse (evner, haldningar og ferdigheiter) og korleis denne vert nytta. Medarbeidarsamtalar med fokus på både fagleg og personleg utvikling vil kunne gi oversikt over den einskilde avdeling si kompetansebehaldning.

KS har utvikla ein rekrutteringsmodell som kan nyttast for å sjå på det totale framtidige personal- og kompetansebehovet i kommunen. Denne modellen lagar ei prognose ti år fram i tid over antal årsverk og antal tilsette. I tillegg bereknar modellen antal forventa avgangar og antal rekrutteringar som må til for å dekke opp behovet for avgangar samt for å møte framtidig behov.

Kompetanseplanen gir overordna føringar for kompetansearbeidet i kommunen. Dei einskilde einingane skal utarbeide ein lokal plan for kompetansearbeid utifrå sitt fagområde.

Einingane/avdelingane bør som eit ledd i kompetanseanalysen vurdere følgjande:

  • Mobiliseringsbehov: Kan eksisterande kompetansebehaldning nyttast meir effektivt?
  • Læringsbehov: Kva kompetanse kan/bør utviklast gjennom interne/eksterne opplærings- og utviklingstiltak?
  • Anskaffingsbehov: Kva kompetanse kan/bør kommunen rekruttere?
  • Avviklingsbehov: Korleis handtere overflødig kompetanse, kompetanse på feil stad/nivå eller naturleg avgang?

5.5 Lokale kompetanseplanar

Sektorvise planar skal utarbeidast årleg for alle sektorar med oversikt over kompetansegap per fagnivå med ein plan for konkrete mål for å lukke kompetansegapa,  jf. vedlegg tiltaksplan, vedlegg kompetansebehaldning og vedlegg tekstdel.

Tillitsvalde skal også involverast i kompetanseplanen for den einskilde eining, slik partssamarbeidet føresett.

5.6 Status helse- og omsorg

Helse og omsorg i Vestnes kommune omfattar sjukeheim, heimeteneste, bu- og habilitering, barne- og ungdomsteneste, psykisk helse og helsevern. Det er eit stort behov for å rekruttere, utvikle og behalde fagpersonell innan området. Ein konsekvens av at fleire oppgåver har blitt og blir overført frå stat til kommune har ført til eit stort press på sektoren. Antal lovpålagte oppgåver og tenester er i vekst samtidig som det er rivande utvikling i forhold til velferdsteknologi.

  

Figur 1 Oversikt over kompetanse i dei kommunale helse og omsorgstenestene i Vestnes kommune (Visma september 2019)

Tabell 2: Årsverk, årsverk i prosent, antal tilsette, gjennomsnittleg stillingsprosent, kjønn og avgangsalder > 67 år i helse og omsorgssektoren i Vestnes kommune (Visma september 2019)

5.7 Status barnehagar

Vestnes kommune eig og driv 5 kommunale barnehagar. I tillegg er det 2 private barnehagar i kommunen. Vestnes kommune er barnehagemynde for alle barnehagane, både kommunale og private. Barnehagane skal gje eit pedagogisk tilbod for barn frå 0-6 år etter barnehagelova. Det blir stilt krav i barnehagelova om pedagogisk bemanning og grunnbemanning.

fig-barnehagar - Klikk for stort bilete 

Figur 1 Oversikt over kompetanse i dei kommunale barnehagane i Vestnes kommune (Visma september 2019)

Tabell 2: Årsverk, årsverk i prosent, antal tilsette, gjennomsnittleg stillingsprosent, kjønn og avgangsalder > 67 år i dei kommunale barnehagane i Vestnes (Visma september 2019)

5.8 Status skule

Vestnes kommune eig og driv 2 kommunale skular og 2 kommunale oppvekstsenter, voksenopplæring og kulturskule. I tillegg er det 1 privat skule i kommunen. Alle som blir tilsett i undervisningsstilling må ha godkjend pedagogisk utdanning.  Ny forskrift gjeldande frå 3. april 2014 har følgjande presiseringar:

Barnesteget

For å undervise i norsk og matematikk, er det krav til 30 studiepoeng som er relevant for faget. Forskrifta har tilbakeverkande kraft, men det er 7 år på å oppfylle kompetansekravet.

Ungdomstrinnet

For å undervise i norsk, matematikk og engelsk på ungdomssteget, er det krav til 60 studiepoeng som er relevant for faget. Valfag, utdanningsval og arbeidslivsfag er unnateke krav til 30 studiepoeng. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget gjeld ikkje for undervisning i morsmål samt lærarar som var ferdig utdanna før 1. januar 2014.

         

Figur 1 Oversikt over kompetanse i dei kommunale skulane i Vestnes kommune (Visma september 2019)

Tabell 2: Årsverk, årsverk i prosent, antal tilsette, gjennomsnittleg stillingsprosent, kjønn og avgangsalder > 67 år i dei kommunale skulane i Vestnes (Visma september 2019)