Strategisk kompetanseplan

6 Strategiar og tiltak for å mobilisere, utvikle, anskaffe og avvikle kompetanse

6.1 Strategiar

Strategisk kompetanseplan er eit verktøy som gir føringar for korleis Vestnes kommune skal arbeide med kompetanse for å behalde, vidareutvikle og rekruttere ny kompetanse. Kompetanseplanen skal sikre at vi nyttar rett teneste til rett tid med rett kompetanse som følgje av overordna mål og på tvers av tenester og sektorar.

Kompetanseplanen skal bidra til at kommunen mobiliserer, utviklar, anskaffar og avviklar kompetanse. Kompetansetiltaka skal vere forankra i Vestnes kommune sin overordna arbeidsgjevarstrategi. Det er viktig at kommunen nyttar verkemiddel for å behalde arbeidstakarar som ønskjer å tileigne seg ny kunnskap og som bidreg positivt til omdømebygging, er løysingsorientert og motivert for å utføre arbeidsoppgåver.

Vestnes kommune legg vekt på at kompetanseutvikling skal bidra til resultat og måloppnåing. Kommunen ønskjer også å leggje vekt på mobilisering av eksisterande kompetanse gjennom å ta i bruk potensialet i kvar einskild medarbeidar som bidrag til måloppnåing.

Kommunen ønskjer at tiltak som vert sett i gang, vert nyttiggjort i organisasjonen gjennom ein plan for bruk av ny kompetanse. Det er utarbeidd personalplan for alle einingar som skal reviderast med jamne mellomrom. Det kan verte aktuelt med omgjering av stillingar og stillingar kan også kome til å verte nytta på tvers av tenester og sektorar. Korleis dette kan gjerast må utgreiast vidare.

Leiarar i Vestnes kommune skal ha kunnskap, evner, haldningar og ferdigheiter som er med på å mobilisere og nytte medarbeidarane sin kompetanse, engasjement og prestasjonar. Leiarane formidlar og bidreg på denne måten til ein utviklingskultur.  

Alle medarbeidarar i Vestnes kommune skal verte bevisst sin eigen kompetanse, styrker og moglegheiter som dannar grunnlag for vidare val av utvikling og karriere i organisasjonen med fokus på eksisterande kompetanse. Alle medarbeidarar har eit sjølvstendig ansvar for å tileigne seg ny kunnskap og kompetanse i tråd med stillingskrav. Fagleg tilnærming og krav til kompetanse er ikkje statisk og vil endre seg over tid.

6.2 Tiltak

  

6.3 Læringsarenaer

Strategisk kompetanseutvikling har fokus på tiltak for å oppfylle krav til kompetanse for å nå mål og utøve dei ulike oppgåvene og funksjonane som kommunen er pålagt å utføre.  Systematisk kompetanseutvikling gjennom kontinuerleg læring og utvikling på arbeidsplassen er med på å byggje kommunen som ein lærande organisasjon.

Realkompetanse er ein viktig kompetanse som gir ufaglærte moglegheit til å gjennomføre opplæring innan eit fagområde for å ha rett kompetanse til rett teneste til rett tid.

Læring er tileigning av ny eller endra kompetanse for å oppnå endring i medarbeidarane sitt potensial. Læringsteoriar fokuserer i større grad på fellesskapet si erfaringslæring og deling no enn tidlegare.  For å kunne oppnå strategisk kompetanseutvikling, er det viktig å kartleggje læringsbehov, mobiliseringsbehov og behov for anskaffing. Det er generelt ein tendens til å overfokusere på kompetanseutvikling og underfokusere på mobilisering av allereie eksisterande kompetanse. Forsking viser at ein fjerdepart av medarbeidarane i ein organisasjon har eit betydeleg potensiale som ikkje vert nytta på arbeidsplassen.

 

Kva er den mest effektive måten å skaffe den kompetansen vi treng?

   

 

 

 

 

 

 

 

Lærande organisasjon - læring i system

  

6.4 Økonomiske verkemiddel

Vestnes kommune skal levere rett teneste til rett tid med rett kompetanse til sine tenestemottakarar med bakgrunn i lov og forskrift.

Nye kompetansetiltak må dekkjast innan budsjettramma i den einskilde eining. Det vil difor vere vesentleg at den einskilde eining utarbeidar bemanningsplan og kompetansebehov med tanke på å møte framtidige endringar.

Kommunen søkjer midlar til kompetanseheving gjennom ulike støtteordningar i forhold til sentrale føringar med retningsgivande tiltak. 

Kompetanseplan 6.4. Økonomiske verkemiddel
Tema Beskriving
Retningslinjer for utdanning Eit hovudprinsipp er at kommunen sine behov skal vere styrande for val av utdanning som vert godkjent med økonomisk støtte og/eller permisjon med løn frå kommunen, jf. retningslinjer for utdanning
Kompetanseutviklingstiltak avklart med arbeidsgjevar Når kurs/kompetanseutvikling er avklart med arbeidsgjevar, skal arbeidsgjevar dekkje kursavgift og undervisningsmateriell. Utgifter til reise og opphald vert dekt av arbeidsgjevar etter satsar i statens reiseregulativ
Kurs på fridagar Deltidstilsette og turnuspersonale som deltek på kurs eller anna opplæring godkjend av leiar, får løn for kursdagen(e) med inntil 7,5 t per dag. Kompensasjon for reisetid på fritida må avtalast på førehand med næraste leiar. Det same gjeld for deltaking på studiar, kurs og liknande
Utdanningspermisjon Rett til permisjon under utdanning er regulert i AML § 12-11 og HTA § 14.2. Sjå permisjonsreglementet §14
Pliktteneste/bindingstid Bindingstid skal avtalast, jf. HTA kap 14. 3 i dei tilfella Vestnes kommune gir vesentleg økonomisk støtte til kompetanseheving. Bindingstida er avgrensa til 2 år. Det er ikkje bindingstid i dei tilfella det ikkje er gitt økonomisk støtte. Sjå permisjonsreglementet §14
Krav til tilsette Kompetanseutvikling sett krav til eigeninnsats og oppnådd kvalifikasjon, deltakarbevis eller eksamen. Søkjar som får økonomisk støtte til utdanning, må pårekne å nytte kompetansen der kommunen har behov for det, jf. retningslinjer for støtte til utdanning
Løn etter avslutta kompetanseheving Tilsette som har gjennomført avtalt kompetanseheving kan få auke av løn etter avtale med personalsjefen før oppstart, jf. HTA pkt 4.2.4. Ny løn gjeld frå tidspunktet dokumentasjonen blir lagt fram eller etter avtale med arbeidsgjevar. Det skal vere ein skriftleg avtale mellom den tilsette og arbeidsgjevar før kompetansehevinga startar.