7 Plan for evaluering av kompetansetiltak
Frå 2019 vert overordna strategisk kompetanseplan implementert i organisasjonen. Planen er ikkje ”ferdig” i den forstand at den skal vere eit levande dokument og eit reiskap i arbeidet med å styrke kompetansen i heile organisasjonen.
Systematisk evaluering av konkrete tiltak er naudsynt for å kunne ha grunnlag for å vurdere kva effektar dei ulike tiltaka har hatt. Evaluering er ikkje ein tilleggsaktivitet, men ein naudsynt, og avgjerande del av den strategiske kompetanseplanen.
Kompetanseutvikling i Vestnes kommune skal vere strategisk forankra i organisasjonen for å sikre at det ikkje vert utilsikta og negative effektar. Kompetanse er den viktigaste faktoren for å nå overordna mål. Evaluering av tiltak kan skje på fleire måtar som evaluering i samband med årsmelding og økonomiplan, rullering av kompetanseplan, skriftleg evaluering etter gjennomførte tiltak, brukarundersøkingar, eksamen/testar, oppfølgingssamtalar eller medarbeidarsamtalar.
Kirkpatricks (1959) evalueringsmodell kan nyttast som ein mogleg evalueringsmodell